Etter ein diskusjon bestemte soknerådet samrøystes at ein ønskjer å redusere talet på faste medlemer frå 8 til 6, med verknad frå konstituert nytt sokneråd 1. november 2023.
Det er soknemøtet som gjer vedtak, før valet blir kunngjort.
Lovverk:
Lov om tros- og livssynssamfunn (trossamfunnsloven) (LOV-2020-04-24-3) Kapittel 3, Den norske kirke. (Heimel §§ 11, 12, 15 og 17)
Kirkeordning for Den norske kirke (FOR-2019-03-30-2307) Barne- og familiedepartementet
- 9.Menighetsrådets sammensetning
Menighetsrådet består av soknepresten og – etter menighetsmøtets bestemmelse – fire, seks, åtte eller ti andre medlemmer og et antall varamedlemmer som velges ved flertalls- eller forholdsvalg for fire år etter regler fastsatt av Kirkemøtet.
Endring av tallet på de medlemmer som skal velges, må være vedtatt i menighetsmøtet før valget kunngjøres.
Saksutgreiing
Sidan samanslåinga av dei to sokna i Fjaler, Dale og Guddal sokn 1.1.2006, har Fjaler sokneråd talt 8 medlemer. Det vart då lagt vekt på at alle distrikta vart godt representert i rådet.
Ved førre soknerådsval erfarte ein at det, for første gang, var vanskeleg å få mange nok namn på vallista til soknerådet. Ved 8 faste leke medlemer i rådet, skal det vere minst 5 varamedlemer.
Ein opplevde at kandidatar som først hadde sagt ja til å stå på vallista, seinare ønskte å trekke seg. Fjaler sokneråd har i dag berre to varamedlemer.
Ved 6 faste medlemer i rådet skal det òg vere 5 varamedlemer.